Kva type vaksine er tilrådd for meg?

Pixabay Vi har to vaksinetypar vi får frå nasjonale helsestyresmakter; Spikevax (Moderna) og Comirnaty (Pfizer).

Oppfriskingsdose

Desse gruppene er pr. no tilrådde å ta oppfriskingsdose

Ved bruk av Comirnaty (Pfizer) gis full dose. Ved bruk av Spikevax gis halv dose.

Det skal vere minst 5 mnd. mellom dose 2 og oppfriskingsdose for alle gruppene.

18 år til og med 64 år:

For denne gruppa er både Comirnaty (Pfizer) og Spikevax (Moderna) godkjende vaksinetypar for 1. og 2. dose.

Menn under 30 år vert likevel tilrådd å velje Comirnaty (Pfizer).

16 år til og med 17 år:

Denne aldersgruppa får Comirnaty (Pfizer) og det er tilrådd 8-12 vekers intervall mellom 1. og 2. dose.

12 år til og med 15 år:

Denne aldersgruppa får éin dose, og det er Comirnaty (Pfizer)

Du som har alvorleg nedsett immunforsvar:

Denne gruppa skal ha ein 3. dose av koronavaksinen. 

For denne gruppa er både Comirnaty (Pfizer) og Spikevax (Moderna) godkjende vaksinetypar.

Som 3. dose i denne risikogruppa skal ein ha full dose av den anten Comirnaty (Pfizer) eller Spikevax (Moderna).

Menn under 30 år vert likevel tilrådd å velje Comirnaty (Pfizer).