Kvifor flyg det eit fly fram og tilbake?

Klikk for stort bilete På grunn av flyfotografering av Søre Sunnmøre og Herøy kommune vil det i løpet av våren verte lågtflygande fly som flyg fram og tilbake over kommunen og Sunnmøre. Dette er innsamling av flyfoto som Statens Kartverk og kommunane på Sunnmøre står bak.

I samband med dette har kommunen signalisert (merka) fire punkt i kommunen, desse er kvite rektangla med sort ramme. Desse er plassert i:

  • Mulevika
  • Sande
  • Mjølstadnes
  • Kleiva

Dato for start av flyfotograferinga er ikkje enda avklart men det er signalisert at det skal starta i løpet av påsken.

Dei nye flyfotoa vert tilgjengeleg via sunnmørskart i løpet av 2019.