Kystverket erklærte statleg aksjon i kveld

Klikk for stort bilete Kystvakta KV Sortland Herøy kommune får fortløpande varsel om aksjonen knytt til berginga av lastefartøyet Eemslift Hendrika.

Bakgrunnen for aksjonen er at ein dei siste dagane er det jobba med å berge lastefartøyet Eemslift Hendrika, etter at det kom i drift i Nordsjøen vest av Stadt 5. april. Fartøyet har sidan då drive mot land i svært dårleg ver.

Kystverket har sett i gang mobilisering av dei ulike beredskapsregionane, IUA Romsdal, IUA Sunnmøre, IUA Nordfjord og IUA Sogn og Sunnfjord. IUA er forkortinga for Interkommunalt utval mot akutt forureining.

- Herøy kommune følgjer situasjonen fortløpande. Vår brannsjef deltek i IUA, vi gjer nødvendige førebuingar og er klare til å sette krisestab dersom det vert nødvendig, kommenterer kommunedirektør, Trond Arne Aglen, i kveld.

Klikk for stort bileteFaren ved at fartøyet driv i land, er at eit eit oljeutslepp kan skade dei sårbare naturområda vi har langs kysten.

Siste nytt i saka kan du lese på Kystverket sine sider her.