Lagar 17. mai-video og samla programoversikt

Klikk for stort bileteLinn Therese Sævik og ordførar, Bjørn Prytz oppmodar alle om å sende inn sine bidrag til videohelsingar. Iselin Nevstad Øvrelid Vi får ein annleis 17. mai også i år, men Herøy kommune vil bidra til å gjere informasjonen lett tilgjengeleg for deg som lurer på kva som skjer i Herøy på nasjonaldagen. Vi lagar også video som skal publiserast på 17. mai, men videoen vert til utifrå innbyggjarane sine bidrag.

Vi oppmodar 17. mai-komiteane om å sende inn sine program på e-post når dei er klare, så legg vi det ut godt synleg på nettsida til Herøy kommune før den store dagen.

- Vi håpar alle komiteane sender inn, så vi kan ha ei felles programside for heile kommunen, seier ordførar, Bjørn Prytz.

Vil også lage ein felles 17. mai-video

Sævik og Prytz oppmodar også alle om å sende inn videosnuttar med helsingar som Thomas Teige Sporsheim i Herøy kommune skal sette saman til ein heilskapleg video veka før 17. mai. Den vert publisert på sjølvaste nasjonaldagen og som alle kan kose seg med og sjå når det passar.

- Send inn videohelsingar frå sjø og land. Det er berre kreativiteten som set ein stoppar for kva ein kan sende inn av bidrag. Stikkordet er sjølvsagt 17. mai og god stemning, seier Linn Therese Sævik som oppmodar innbyggjarane, skular og barnehagar om å vere ekstra kreative.

Det kan også vere filmklipp frå fjoråret som set stemninga, nokon du vil helse til, ein song eller eit anna kulturelt bidrag. Har du fine bilete og teikningar, kan du også sende inn det, men det er først og fremst video vi vil ha.

Viktige fristar!

Kvaliteten treng ikkje om å vere fantastisk, men pass på at du filmar i breiddeformat/liggande format. 

Siste frist for å sende oppdatert program er fredag 14. mai kl. 14.00.

NY FRIST! Siste frist for å sende videosnuttar og andre bidrag til videoen er onsdag 12. mai kl. 12.00.

Send til: thomas.sporsheim@heroy.kommune.no

Du kan gjerne bruke wetransfer.com eller liknande overføringsteneste for store filer og best kvalitet.