Driv du med landbruk og liknande og gjerne har spørsmål, så finn du landbrukskontoret i 2. etg på rådhuset.
- Vi jobbar med jord, skog og viltforvaltning. Vi har vertskommunesamarbeid saman med Hareid og Ulstein. Vi gjer kommunale arbeidsoppgåver for dei tre kommunene (Herøy, Hareid, Ulstein) på dei tre saksfelta. Det det handlar om for ein stor del med jordbruk og skogbruk, er dei statlege tilskotsordningane. Det er dei tilskota som bøndene får, til jordbruksdrift og skogsdrift, det er det vi som saksbehandler, seier Anne Kathrine Løberg, avdelingsleiar landbruk.
- Det andre vi gjer er det som handlar om eigedomen deira. Konsesjon, odel og jordlov. I jordlova handlar det mykje om driveplikt av jordbruksareal. På viltforvaltning handlar det veldig mykje om hjorteforvalting og skadefellingsløyve på grågås. Vi kallar det gjerne tilskot og tillating, seier Løberg.
Her er Anne Kathrine Løberg, Marianne Sævik Nerland og Kristin Myrene på plass utenfor kontora i 2.etg.
Thomas Sporsheim
Avdelingsleiaren ser at det er ein fordel for landbrukskontoret å halde til på rådhuset.
- Vi har fleire kollegaer rundt oss. Spesielt dei på utviklingsavdelinga, som vi har ein del med å gjere. Vi gjer ofte to sider av same sak. Dei gjer plan og bygningslovsvedtak og vi gjer jordlovsvedtak, seier Løberg som også fortel at dei er opptekne av at det ikkje skal bli lenger veg for gårdbrukarane, spesielt på Hareid og i Ulstein.
- Når dei må ha hjelp og treng å kome på besøk, då har vi sagt at vi kjem på besøk til dei. Enten kome på gården eller møte dei på rådhuset i Ulstein eller Hareid. Vi har ein god del igjen for dette reint kollegialt, vi får betre kunnskap på kva kollegaene i kommunen jobbar med, avsluttar avdelingsleiar Løberg.