Jonatan Nedrelid Strand og Peder Reite er elevar ved Ulstein vidaregåande skule. Der går dei andre året i studieretninga informasjonsteknologi.
Som ein del av utdanninga er dei no i arbeidspraksis ved Fosnavåg konserthus. Frå januar til april jobbar dei ein dag ved konserthuset kvar veke. I praksisperioden får dei erfaring med å styre lyden og lyset under arrangement, lære om drifta av kinoen, ta opp og redigere video – og meir til.
Reite hadde også praksis ved konserthuset sist haust. Då laga han blant anna podkasten «Peders podcast julespesial». Der hadde han artistane Adam Douglas og Thomas Ryste, i tillegg til den tidlegare og den nye arrangementsleiaren ved konserthuset, som gjestar.
Strand og Reite skal til våren også ha praksis ved kommunikasjonsavdelinga i kommunen. Vi ønsker dei varmt velkomne og lykke til!