Ledige timar i vekene som kjem- bestill time

Vaksinenytt 

I vekene som kjem har vi fleire ledige timar til koronavaksinasjon. Om du ikkje har fått vaksine eller time til dose ein kan du bestille time. Du treng ikkje vere registrert tidlegare.

Sist veke opna Herøy kommune for at alle kan bestille time til vaksine. Kommunen sender ikkje lenger ut SMS til dei som venter på time.

Bestilling av time gjer du her.

Dersom du har tekniske problem bør du vente litt og forsøke igjen å bestille time. Det kan skuldast stor trafikk på bestillingssystemet.

Har du ikkje bank-id kan du ringe 469 15 360 for å få oppsett time. Telefonen er open i tida 10.00-14.00.