Lese- og venneveke på Leikanger skule

Klikk for stort bileteDen 10.oktober var verdensdagen for psykisk helse.

På Leikanger skule meiner vi at inkludering, gode haldningar og verdiar, og gode relasjonar kan bidra til eit rausare samfunn. Vi veit at gode og trygge vener kan bety alt når det er ekstra vanskeleg. Vi har tru på at gode bøker kan ta oss med på gode opplevingar, av og til i ei «litt anna verd».
Difor har vi hatt lese- og venneveke på skulen denne veka.

Elevane har hatt ulike opplegg på dei ulike klassetrinna. Deler av veka har klasser vore samla til felles opplevingar: turar i det fine haustveret, filmar med refleksjonsoppgåver i etterkant, felles leik m.m. Alle elevane har laga vennskapsband. Nokre elevar uttalte at «Dei er så fine at vi skulle tru dei var kjøpte på ein butikk». Det er viktig å kunne vere stolt av den ein er og det ein gjer. I elevråd snakkar vi om korleis vi kan vere til stades for andre. Dette vil få meir fokus i tida framover.