Lever listeforslag til valet i tide

Ein veljar legg stemmesetel i ei valurne - Klikk for stort bileteListene som skal nyttast ved valet til hausten må vere leverte inn i tide. Oslo kommune / Sturlason

Merk at listeforslag til kommunestyrevalet må vere leverte seinast 31. mars kl. 12 på føremiddagen. 

11. september går kommunestyrevalet av stabelen. Kommunen jobbar no med å førebu valet. 

Fristen for å levere listeforslag er 31. mars klokka 12 på føremiddagen. Vallova seier at lister som vert leverte etter dette tidspunktet, ikkje vert godkjende. Valstyret behandlar listeforslaga. 

Krava til listeforslaga

Listeforslaget må innehalde

  • namn på partiet
  • kva val og valdistrikt lista gjeld for
  • kandidatane som stiller til val
  • underskrifter
  • tillitsvalde og tillitsutval
  • vedlegg

Les meir om krava til listeforslag her.

Les meir om det å stille til val

Lever elektronisk eller på papir

Det er to måtar ein kan levere lister på: 

Dersom du skal levere eit listeforslag på papir til kommunestyrevalet i Herøy, må du levere papiret på Herøy rådhus sjølv eller sende det inn i posten. 

Det er forslagsstillarane sitt ansvar å sørge for at kommunen mottek listeforslaget innan fristen. Det er ikkje godt nok å postlegge lista før fristen. Lista må ha kome fysisk fram til kommunen innan fristen. 

Uansett metode for innlevering: Fristen er altså 31. mars kl. 12 på føremiddagen.

Spørsmål?

Kontakt valansvarleg Marit Sævik Leinebø.