Luktproblem ved Bergsøy skule Borga

Elevar og tilsette ved Bergsøy skule Borga har vore plaga med ubehageleg lukt i delar av bygget siste veka. I samråd med kommuneoverlegen er difor delar av underetasjen avstengt medan vi undersøker årsaka til lukta og gjennomfører tiltak. 

Klikk for stort bilete

Lukta er knytt til fukt i bygget og eit ventilasjonsanlegg som har vore ute av drift. Kommuneoverlegen beskriv problema som lukt knytt til korridor i underetasjen, medan det ikkje er registrert tilsvarande problem for klasseroma verken i underetasjen eller i øvrige etasjar i bygget. 

Kommuneoverlegen har overfor eigedomsavdelinga og skulen anbefalt å stenge delar av underetasjen inntil det er utført målingar av luftkvaliteten. I tillegg vert bassengområdet - som uansett ikkje er i bruk - fysisk avstengt frå skulen elles. I dette området har vi også utbetra avtrekket. Ventilasjonsanlegget for det samme området er også sett i drift igjen. Målingar av luftkvaliteten er bestilt. Andre tiltak vert vurdert fortløpande. 

Dette til førebels orientering. Vi ber om orsaking for dei ulemper ovannemnde medfører.