Lyst på ein spennande sommarjobb i år?

Klikk for stort bileteHelse og omsorg inviterer DEG til å søkje som ferievikar! Vi ser etter kokk, kjøkkenassistent, assistent i vaskeri, heimehjelp, driftsteknikar (for meir informasjon: 41644191), pleieassistent, helsefagarbeidar, hjelpepleiar, sjukepleiar, vernepleiar og andre med sosialfagleg utdanning.

Elevar og studentar i relevante utdanningsløp vert oppmoda om å søkje, og du bør helst fylle 18 i år. Dei som søkjer i heimetenesta bør disponere bil.

Hovudferien blir avvikla mellom 24.06.19 – 18.08.19. Vi ber deg skrive når, og kvar du ønskjer å jobbe – i prioritert rekkefølgje.

Søknaden skal leverast elektronisk. Der kan du også finne meir informasjon om dei forskjellige avdelingane.

Søknadsfrist: 11.03.19

Vi ønskjer nye og gamle søkjarar velkomne.