Mannskapsskifte og lokale karantenereglar - koronapandemi

Klikk for stort bileteFosnavåg januar 2017 

Herøy kommune har gjort lokalt karantenevedtak i samsvar med fylkesmannen si tilråding, gjeldande tom 27.03.20, jf. sak 1/20 Smittevernoverlegen. Det medfører at personar som kjem frå fastsett geografisk område til Herøy, skal settast i 14 dagars karantene frå det tidspunkt dei kjem til kommunen.

Smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen  i Herøy har gjort slik presisering av praktiseringa av vedtaket:

I samband med mannskapsskifte utført i fylker som kjem under karantenebestemmelsar, slår ikkje karantenebestemmelsane inn når følgjande vilkår er innfridde:

  1. Dei siste 14 dagar før mannskapsskifte har det ikkje vore andre personar om bord, dvs. mannskapet har vore «isolert» om bord i 14 dagar før mannskapsskifte.
  2. Ingen av mannskapet har symptom på forkjøling eller luftvegsinfeksjon.
  3. Transport frå kai til flyplass vert utført slik at mannskapet ikkje har kontakt med andre personar utover det som er absolutt nødvendig for transport og innsjekking. Transport skal gjennomførast med særskild, eige transportmiddel, ikkje offentleg transport.
  4. Dersom det er transport med bil frå hamn til heimstad, skal transport gjennomførast med særskild, eige transportmiddel, ikkje offentleg transport. Eigen bil kan nyttast.
  5. Mannskapet gjennomfører nøyaktig vanlege hygienerutinar som handvask, hostehygiene osv. under reise.
  6. Rederi er ansvarleg for at vilkåra er oppfylde og at rutinane vert følgde.