Markering av "Kva er viktig for deg-dagen"

Klikk for stort bileteEr det nokon som har spurt deg om kva som er viktig for deg? Er det eit spørsmål du er vant til å spørre andre? Temaet blir vurdert som så viktig at det har fått sin eigen dag.

Dagen blir feira 9. juni og blir markert på ulike vis i over 50 land. Initiativet til dagen starta i Noreg gjennom læringsnettverket for «Gode pasientforløp» i regi av KS og Folkehelseinstituttet. På denne dagen blir alle tilsette i kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta oppfordra til å trene på å spør alle sine pasientar og brukarar om «Kva er viktig for deg?» - uavhengig av alder og helsetilstand.

Hensikta med spørsmålet

Det å vere aktiv i utforminga av eigne mål aukar motivasjon og styrker meistringskapasiteten vår. Når fokuset blir flytta frå diagnosar til samtalar om kva som er viktig i livet, kan pasientar og ev. pårørande saman med helsepersonalet diskutere korleis merksemda blir på livskvalitet og kva som er viktig i livet trass sjukdom og eller tap i funksjonsnivå. Då er det viktig å ha kunnskap om kva ressursar den einskilde har til å handtere dei aktuelle helseutfordringane og på kva område ein treng hjelp og støtte. For å finne ut av det, så treng vi ei «Kva er viktig for deg-samtale», seier spesialrådgivar Britt Valderhaug Tyrholm i Helse Møre og Romsdal HF.  

Deltaking i læringsnettverk for gode pasientforløp

Under feiringa av dagen i 2018 kom det inn hundrevis av svar frå pasientar og pårørande. På bakgrunn av desse svara utforma Brukerutvalet i Helse Møre og Romsdal plakaten «7 råd til helsepersonell».

1. At du lyttar til meg og at eg blir behandla vennleg og med respekt.

2. At du er godt førebudd og at det er mest mogleg kontinuitet i behandlinga.

3. At du sikrar at eg får medverke i eiga behandling.

4. At du så langt som råd legg til rette for rask og effektiv oppfølging. Mi tid er også viktig.

5. At du tenkjer over pasienten sin alder og bustad ved fastsetting av time.

6. At du overheld teieplikta og at det er god skjerming på fleirmannsrom.

7. At du har fagleg kompetanse slik at eg føler meg trygg og ivaretatt.

Kva er viktig for deg?

Anten vi er hjå fastlegen, heimetenester eller er på sjukehus, så er det bra om vi som pasientar veit kva som er viktig for oss, sjølv om dette også kan vere vanskeleg å svare på. Dei som undersøkjer oss og vil kome med råd om korleis problema våre kan løysast, treng den informasjonen. Beslutningar bør bli tatt i fellesskap. Så lenge det ikkje er snakk om akutt helsehjelp for å redde liv, har vi vanlegvis tid til ei samtale om kva som er viktig - også når vi blir alvorleg sjuke.

Klikk for stort bileteSpesialrådgiver Britt Valderhaug Tyrholm.Når ein får ei alvorleg diagnose

Alle kommunene og dei fire sjukehusa i fylket har samarbeid tett om innføring av palliativ plan. Det er eit tilbod til den som får ein sjukdom eller tilstand som ein ikkje kan bli frisk av og som kan føre til forkorta levetid. Det er viktig at ein slik plan blir laga så raskt som mogleg og planen kan ein ha over mange år. Meir informasjon finn du på www.helse-mr.no/palliativplan.

Det som er viktig for deg

Like viktig som at spørsmålet blir stilt, er at helsepersonell faktisk lyttar til det som blir svart. Dette krev at ein som helsepersonell er interessert i kva som er pasienten sitt problem og kva pasienten kan gjere og ønsker å gjere i den aktuelle situasjonen. Dette kan etter kvart føre til gode relasjonar i behandlinga og bidra til at fleire pasientar får rett behandling på rett nivå.

- Vi ønsker alle ein flott og inspirerande «Kva er viktig for deg? – dag» 9. juni, seier spesialrådgivar Britt Valderhaug Tyrholm frå kommunikasjons- og samhandlingsavdelinga / Helse Møre og Romsdal.