Markering av verdsdagen for psykisk helse.

Endeleg kunne vi ha fellessamling med alle dei 130 flotte elevane våre.

Siste skuledag før haustferien hadde elevane på 5.-7.trinn markering av verdsdagen for psykisk helse.

Dagen starta med fellessamling i gymsalen - det har vi ikkje hatt sidan pandemien starta. Det var så kjekt!

7.trinn hadde elevinnslag med diktlesing, dans og opplesing. Dei styrte flott fellessong med viktig bodskap ("Sommarfuggel i vinterland","Antijantelova" og "Optimist"). Jens var invitert og fortalde om eigne opplevingar frå barndommen der han la vekt på viktigheita av gode venskap. Han hadde med seg fela si og spelte og song. Det var svært fint å få besøk.

Elevane hadde pynta gymsalen så samlinga vart ekstra fin. Målet med markeringa er å spreie kunnskap og gjere det lettare å vere åpen om korleis vi har det. Vi må passe på kvarandre og seie frå til nokon som kan hjelpe dersom vi eller andre strevar.

Gode venskap er viktig for alle si psykiske helse. Vi skal aldri akseptere utansforskap. 

Resten av dagen hadde kvart trinn flotte opplegg i sine klasser - alt med mål om å skape endå betre klassemiljø og skulemiljø. 

    Godt skulemiljø=god psykisk helse!