Med appell for å redde miljøet

Klikk for stort bilete

Bergsøy skule, avd. Borga var i dag innom rådhuset med appell der fokus var redd miljøet! Ein godt førebudd gjeng som også framover vil arbeide med miljøsaka.

Elevande stilte med plakatar og las opp sine appellar på rådhustrappa:

 

Kommunalsjef oppvekst, Sølvi Lillebø Remøy, tok imot appellane og lovde å levere dei vidare til ordføraren i neste veke.
- Det er veldig bra at dokker jobber med saka og fortsett med dette viktige arbeidet. Dokker har fortalt oss kva som er viktig. Det er viktig at vi sorterer, kjøper kun det vi treng, slukker lys og tenker på kor lenge og korleis vi dusjar. Dette er små ting der alle kan bidra. Fortell oss vaksne kva som er viktig, vi treng ei påminning om det. Dokker har i dag hatt ein god demonstrasjon og ønskjer dokker lykke til vidare med den.

Bilder tatt under demonstrasjonen: