Med ein strøken pir, tek no arbeidsgruppa ein velfortjent juleferie

Klikk for stort bilete

 

Arbeidsprosjektet "Utsikten" tek no ei velfortent juleferie etter å ha jobba og stått på med vedlikehald og utbetring av Fosnavåg sentrum sidan oppstarten i oktober.

Av Thomas Teige Sporsheim

"Utsikten" under leiing av Edvin Eri Pettersen har hatt hovudfokus på å utbetre gjestebryggene i sentrum. Oppstart på sjølve utskiftinga var rundt den 25.oktober og til jul har gruppa fått skifta ut rundt 40-45 lengdemeter.

Avløpsrenner som blei satt ned ved bygginga har etter kvart blitt tetta, for gamle rister kan verte lause og ei fare for fotgjengarar. Kandidatane har i tillegg tatt opp ein del heller i sentrum som har løsna, retta underlaget og lagt hellene på plass igjen.

Klikk for stort biletePiren før kandidatane byjra på reperasjonen i oktober.

Godt nøgd med progresjonen

Prosjektleiar Edvin Eri Pettersen er godt nøgd med gruppa og det arbeidet dei har utført.

- Vi har vore heldige med veret, men har også hatt litt utfordringar undervegs. Vi er no ferdige med å skifte kledning på Piren, og har kome eit stykke på vei på langveggen mot Bryggen AS. Målsetninga var å verte ferdig med piren til jul, så det at vi faktisk har kome oss eit godt stykke på langveggen mot Almenningen, er særs bra. Totalt har vi vel skifta ut rundt 40-45 lengdemeter, seier Pettersen som vonar at vergudane er på rett side også etter nyttår.

- Vi kryssa fingrane for at vi er like heldige med veret etter jul, og at vi får gjort mest mogleg før veret tvingar oss vekk frå hamna, avsluttar Pettersen. Herøy Kommune ynskjer Pettersen og kandidatane ei velfortent god jul!

Klikk for stort bileteProsjektleiar Edvin Eri Pettersen er godt nøgd med innsatsen til jul