Mellombels stenging av parkeringsareal

Klikk for stort bileteDet vert delvis stengt areal ved Almenningskaia nokre dagar framover.

Herøy formannskap vedtok i F-sak 46/20 å utsetje sak om heving av Ytre Almenningskai, men går inn for å utbetre arealet med asfalt og likande til sommarsesongen.

Det er no sett i bestilling arbeid og det er derfor det vert delvis stengt areal på Almenningskaia framover.

I første omgang skal ein planere til arealet som kommunen leiger til parkering. Arealet markert raudt på biletet vert stengt i kveld, måndag, 18. mai og vil opne att i løpet av onsdag 20. mai.