Midlane nytta til opplevingar

Ein av opplevingane var gondolbana i Loen. Herøy kommune Herøy fekk i 2021 kroner 50 000 frå statsforvaltaren til  aktivitet for personar ramma av pandemi med isolasjon i høve denne. Kommunen prioriterte å nytte midlane til personar som har psykiske utfordringar eller rusutfordringar.

Med ønskje frå brukarane inviterte seksjon for psykisk helse og rus  til to ulike opplevingar. Dette var hyggekveld ved Bogne breseri og ein tur til Loen. Totalt 50 personar, inkludert tilsette, deltok på arrangementa.

Hyggekveld på Bogne

På Bogne breseri var det mykje god mat. Herøy kommune Ved Bogne Brasseri var det treff der det vart servert buffé med både fiske- og kjøtrettar. Til dessert vart det «tilslørte bondepiker».

Ein av deltakarane seier at dette vart ein hyggekveld. Det var ein fin kveld med spanande og god mat. Praten gjekk bra med dei som var til stades sjølv om nokre nok følte seg usikre sidan dei ikkje kjende kvarandre.

Loen

Det var ein flott busstur inn til Loen og det vart tur med gondolbanen. Det var sett av tid til både middag, kaffi og dessert på turen, som var ei oppleving for alle.

Deltakarane sine ord om turen:

  • Fantastisk at det var så mange med,  og likevel ikkje sitte tett på kvarandre med tanke på angst. Ein fekk vere litt for seg sjølv og det vart eg letta for.
  • Mange blide andlete. Ingen hadde stempel i panna. Guidinga var beroligande og ein følte seg som turist.
  • Vart godt tatt i vare når ein var redd for å ta gondolen. Kjende så god støtte at det ble meistring.
  • Det var godt å få gå rundt som ein ville. Måltid og plassering vart naturleg i gruppa.
  • Det vart tid til refleksjon før ein skulle ned igjen. Vi fekk puste litt for oss sjølve.
  • Heile opplevinga var eit stort augeblikk.
  • Å ta med folk på tur og ut, gjer tusen gongar meir enn å sitje inne på kontor. Ønskjer fleire arrangement. Kanskje grillarrangement i ein gapahuk og vere meir sosial.
  • Kjensla av å ikkje vere åleine og å ha det kjekt  saman, utan å kjenne at ein er stempla eller redd.

Psykolog Henrik Eriksen (t.v) og seksjonsleiar Karl Alsaker var begge godt nøgde med arrangamenta. Herøy kommune - Dette var opplevingsrike og positive opplevingar for oss alle, avsluttar Karl Alsaker som er seksjonsleiar psykisk helse og rus.

Alle dei om lag 50 som var med, takkar for den gode opplevinga!