Minneord om tidlegare ordførar Knut Nærø

Fungerande ordførar Bjarne Kvalsvik ser på eit bilde av tidlegare ordførar Knut Nærø.  - Klikk for stort bileteFungerande ordførar Bjarne Kvalsvik minnest Knut Nærø, som var ordførar og varaordførar i til saman åtte år. Svein Arne Orvik

– Eit heilt liv – og eit langt liv – har Knut kjempa for det han trudde på, sa fungerande ordførar Bjarne Kvalsvik i gravferda til Knut Nærø, tidlegare ordførar i Herøy.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

I tillegg til verva som ordførar og varaordførar hadde Nærø ei lang rekke andre oppgåver i lokalsamfunnet og regionen. Mellom anna var han styreleiar i Eiksundsambandet i 25 år. 

Fungerande ordførar Bjarne Kvalsvik heldt dette minneordet om Nærø på vegner av Herøy kommune i gravferda 6. januar: 

 

«Gode kyrkjelyd, kjære sørgjande

Eg står her i dag som fungerande ordførar i Herøy.

Når ein tidlegare varaordførar og ordførar går bort, er det mi plikt å leggje på ein krans frå kommunen. Men det er og ei stor ære for meg å kunne gjere det.

Knut Nærø gjorde mykje for lokalsamfunnet vårt. Og eg trur ikkje eg tek munnen for full om eg seier at alle vi som er her i dag har særs mykje å takke han for.

Eg var så heldig å kunne representere Herøy kommune også då Knut fylte 100 år sist sommar. Det var ein vital og humørfylt 100-åring eg helsa med blomster på sjukeheimen. Sjølv om helsa var noko skrantande, var hovudet på rett plass. Han hadde meiningar og synspunkt, og han var ikkje redd for å gi dei til kjenne.

Eit heilt liv – og eit langt liv – har Knut kjempa for det han trudde på. I 30 år var han formidlingskonsulent for det som heitte Arbeidsformidlinga. Han hadde kontor på rådhuset. Tittelen var kanskje ikkje den flottaste, men arbeidet var viktig. 

Jobben var å registrere kven som trengte arbeidskraft, og så finne nokon som var arbeidsledige. Ofte var jobben den motsette, hjelpe dei som mangla arbeid til å finne ein arbeidsgjevar. I periodar kunne det vere mange ledige. Vi må vite at den jobben han gjorde – og han var lenge heilt åleine – mest er det same som nesten halve NAV i Herøy gjer i dag! 

Det må rett nok leggjast til at byråkratiet var noko mindre den gongen. Knut hadde to kartotek – eitt med personar som trengte arbeid, og eitt med bedrifter som trengte arbeidskraft. Det siste kartoteket var ikkje så stort, Knut hadde det meste i hovudet.

Eg har gått gjennom lista over verv og oppgåver Knut har hatt i kommunen, og den lista er lang. Han var altså både varaordførar og ordførar i til saman to periodar. Han var tiltakssjef, han var områdesjef i Heimevernet i 30 år, og styreleiar for kraftlaget, sjukeheimen og den lokale sparebanken i mange år.

Likevel er det som samferdselspådrivar han er mest kjend – tittelen «Eiksundsambandets far» er det ingen som kan ta frå han.

Kvar interessa for samferdsel kom frå, er eg usikker på. Men på Nærøya var familien, både bestefar og far, postopnarar. Historia går – og den er sann – om faren Ragnvald som henta post med motorsykkel og hadde det så travelt med å kome fram at han ikkje ensa at den første brua i Herøy, brua over Stridestraumen – som var ei skyvebru – var open. Gamle Ragnvald køyrde rett i Stridestraumen, og symde rundt etter alpelua før han kom seg på land.

Det kan vere at nettopp denne hendinga gjorde at Knut fann ut at det var bruer – ikkje skyvebruer – og tunnelar vi trongte for å binde saman kommunen og knyte øysamfunnet her ute saman med fastlandet.

Å vere i politikken har både oppturar og nedturar, det er alltid nokon som er i mot. Det gjeld å halde ut, og ikkje gi seg. Den eigenskapen hadde i alle fall Knut. 

Kvar gong ein ny samferdselsminister var utnemnd, skreiv Knut brev og bad om møte, og han møtte dei alle - gjennom 25 år. Og i tillegg 4 vegdirektørar, 5 vegsjefar og fleire titals ordførarar. Alle måtte forstå at Eiksundsambandet måtte byggjast.

Knut fann ut at vegen til suksess var å få forskot på bompengefinansiering inn på statsbudsjettet. Dersom ein finansminister prøvde seg på å ta dette ut, reiste Knut til Oslo, utan timebestilling. Han stilte opp i Stortinget og bad om møte med samferdselskomitéen sin leiar. «Dokke har å gjere dette om når budsjettet skal vedtakast i desember,» sa Knut – og fekk viljen sin gong etter gong. 

Og resultatet kjenner vi. I 2008 vart Eiksundsambandet opna av samferdselsminister Liv Signe Navarsete. 

Heldigvis er det skrive bok om dette store og vellukka samferdselsprosjektet. På mange måtar samanfattar boka livsverket til Knut Nærø. «Eiksundsambandet – visjonen som vart verkeleg.»

Eg vil på vegne av kommunen og alle innbyggjarar i Herøy takke så inderleg eg kan.»