Moltu skule på tur til Hidsegga

Klikk for stort bileteFor ein flott dag på Hidsegga! Sol og varme, langstrakt natur og utsikt så langt ein berre klarer å sjå. Men det aller beste med turen, var å oppleve ein flokk med elevar som kosa seg veldig. 

Tysdag 08.juni gjekk heile skulen i lag på Hidsegga. Ein flott dag for både små og store. Vi vaksne hadde planlagt at turen tok litt lengre tid enn den gjorde, for korleis kunne vel vi vite at heile flokken nesten sprang på vegen opp til toppen? Det er kjekt å sjå at elevane kosar seg på tur, og at sjølv ein tur på Hidsegga er noko dei klarer fint. Vel oppe på toppen var det godt med ein matbit og noko godt å kose seg med. Likeeins å sjå utover storslått natur og om det kunne gå an å finne att huset til den og den. Elevane på Moltu skule er jammen ein kjekk gjeng, også på tur!