Møt den nye fastlegen ved Herøy legesenter

Klikk for stort bileteKristian Gottliebsen: Den nye faste fastlegen i Herøy kommune. Iselin Nevstad Øvrelid Kristian Gottliebsen er den nye fastlegen ved Herøy legesenter, og har allereie funne seg godt til rette i Herøy kommune.

Saman med kona Lisa, som er psykolog, og dei to gutane på 10 og 13 år, er det ikkje mange vekene sidan dei kom over fjellet med flyttelasset sitt. 
– Vi har allereie blitt godt tekne imot av innbyggjarane i Herøy og i jobbane våre, så dette lovar bra, fortel Gottliebsen engasjert. 
Han starta i jobben 1. desember.

Tilbake til fjordar og fjell

Den nye faste fastlegen, er opphaveleg dansk, og har studert medisin ved universitetet i København, men har dei siste seks åra vore busett i Kalmar i Sverige saman med familien. Der har han fullført turnus og fire år av spesialistutdanninga si i allmennmedisin.
Så viser det seg at den nye fastlegen også har budd på Nordfjordeid ein periode, og har erfaring som dansar og sirkusartist. Så naturen lokka han tilbake til desse traktene med fjordar og fjell. Familien er veldig glad i havet og fjella, så fjellturar og fiske blir det mykje av framover.

– Kva var det som fekk deg til å skifte yrke?
– Då eg fekk barn og familie ønskte eg meir stabilitet og ein trygg base for barna mine, og det er klart det er mykje reising i eit sirkusliv. Eg har hatt stor interesse for medisinfaget og å hjelpe menneske. Så då var det rett og slett den vegen eg ønskte å gå, fortel Kristian Gottliebsen som trivast veldig godt som allmennlege.
– Eg har også jobba som akuttlege ved sjukehuset i Kalmar, men det er nok som allmennlege eg trivast aller best. Det er noko med å kunne møte alle slags situasjonar, og alle typar menneske, ikkje berre dei som er veldig, veldig sjuke. Som allmennlege krev det også at ein held seg oppdatert på alt som er nytt i eit breitt fagfelt, og har evna og erfaring til å kunne forstå kva som kan ligge bak plagene til ein pasient, seier Kristian Gottliebsen.

Ledige plassar på fastlegelista

Han trur familien skal finne seg godt til rette i kommunen, og ser fram til å møte dei som bur her. Han har førebels ledige plassar på fastlegelista si, så har du behov for ny fastlege, er det lett å melde overgang på helsenorge sine nettsider. Det kan du gjere her.

– Eg vil gjerne ha fleire pasientar, påpeikar han. 

Pasientane skal ikkje vere redde for språkvanskar, då han lett «sjonglerer» mellom dansk, svensk og norsk. 
– Folk her er no som andre folk. Det er stort sette berre å bli kjend med dei nye rutinane, så går nok dette veldig bra, smiler han. 

Ansvar som kommuneoverlege

Kristian Gottliebsen kjem også til å få ansvar som kommuneoverlege i 50 prosent av stillinga. Det ser han veldig fram til med stort engasjement.
– Eg er veldig interessert i forsking, og det å vere kommuneoverlege vert ein del av jobben som eg ser veldig fram til. Det vert spanande å jobbe med medisinsk rådgjeving, miljøretta helsevern og smittevern, blant anna. Mykje handlar om førebygging, og det er veldig spanande, seier han.

– Eit løft for legetenesta 

Runa Bakke, som er leiar for avdeling barn, familie og helse i Herøy kommune, er veldig nøgd med å få Kristian Gottliebsen på plass ved Herøy legesenter.
– Det er eit løft for legetenesta å få på plass ein ny fast fastlege. Vi jobbar heile tida for å få fleire faste fastlegar, men det er utfordrande å rekruttere og finne kvalifiserte søkjarar. Etter nyttår får vi inn tre nye fastlegar, men då i vikarstillingar på eit halvår i gongen.

Vi ønskjer den nye legen velkomen til Herøy kommune!