Møt turist- og museumsvertane ved Herøy gard

Årets museums- og turistvertar ved Herøy gard: Frå venstre ser du Henrik Hjorthaug Halle, Thomas Meier Fiskerstrand, Sigurd Moen Myrene, Maria Seljseth og Emma Helen Aurvoll Berge. Iselin Nevstad Øvrelid Fredag 29. juli er det hektisk for turist- og museumsvertane ved Herøy gard. Strålande sol legg til rette for ei fantastisk olsokfeiring ved Herøy kystmuseum.

Kva er eigentleg olsok? Det kan du lese om på Store norske leksikon her.

Flagget på sunnmørsjekta "Anna Olava" veiar i vinden og helsar dei besøkande velkomen. Det vert rjomegraut, vaflar og pølser, aktivitetar for borna, kveldsmesse på kyrkjestaden og ei fin stund på det historiske tunet.

Dei fem turist- og museumsvertane som skal vere her heile sommaren og ta imot besøkande er i full sving med vaffelsteiking og røring i rjomegrauten.

Kystmuseet har ope kvar dag frå kl. 11 -17 heile sommarsesongen, men fredag 29. juli er det ope til kl. 20.00.

Thomas Meier Fiskerstand er i gang med å dele kunnskapen sin med to besøkande som kjem frå Bryggja i Stad kommune. Dei har nytta dagen på Runde, i Goksøyra og no tek dei turen for å lære meir om historia på Herøy gard og kystemuseet.

Laila og Atle Myklebust frå Bryggja i Stad kommune er på vitjing i Herøy. Her får dei informasjon frå Thomas Meier Fiskerstrand som er museums- og turistvert i sommar. Iselin Nevstad Øvrelid  - Vi har snakka mange gongar om at vi skulle stoppe her, og i dag vart det endeleg slik. EIn fantastisk stad å sjå og få høyre historia frå, seier Atle og Laila Myklebust.

Museums- og turistvertane trivast godt med å dele kunnskap og forteljingar.

- Ingen dagar er like her. Plutseleg kjem det ei gruppe på 15 som både skal ha vaflar og informasjon, seier Henrik Hjorthaug Halle muntert.

- Då må vi effektivisere logistikken, legg Maria Seljeseth til med eit smil.

- Ein dag, som i dag, når sola skin, vert det fullt av folk ute, medan andre dagar må vi fyre i peisen inne. Slik er det på Sunnmøre, og det fortel litt om variasjonen i korleis dagane våre ser ut, sjølv om vi likar best når sola skin på Herøy gard, understrekar dei.

- Korleis ladar de opp til ein hektisk dag med mykje folk i vente?

- Vi må sjølve passe på å ha nok energi. Så må vi ha nok kaffi og vaffelrøre til alle som kjem. Då vert det veldig bra, understrekar dei fem turist- og museumsvertane.

Frå venstre: Emma Helen Aurvoll Berge saman med Eileen Gjerde (avdelingsleiar Herøy gard) og Maria Seljseth. Iselin Nevstad Øvrelid  

Om turist- og museumsvertane:

Thomas Meier Fiskerstrand, 27 år

Er frå Sula, men bur i Volda. Har studert historie i tre år og er veldig interessert i det. Har elles erfaring frå barnehage og som vaktmeister.

Fritida går til arbeid i Røde Kors Spjelkavik sitt hjelpekorps, og er ein av hovudinstruktørane i førstehjelp.

- Det er andre året mitt her, og vi arbeidde veldig godt saman her i fjor. Derfor søkte eg igjen i år, forklarar han engasjert.

Maria Seljeseth, 31 år:

Dette er hennar andre år med sommerjobb som museums- og turistvert.

Ho vaks opp i Trondheim, men har hatt sommerhus på Larsnes i Sande heile livet og valte å flytte hit på lang sikt i 2020.

- Det er så fint å bo nærmere naturen slik som her, seier ho.

Ho har studert interaksjonsdesign og illustrasjon og tok deretter ein bachelorgrad i arkiv og samlingsforvaltning.

- Frå hausten skal eg ta meir utdanning ved Høgskulen i Volda, avsluttar ho.

Emma Helen Aurvoll Berge, 

- Det er kjempekjekt å ha sommarjobb på Herøy gard. Eg bur på Berge og går på Ulstein vidaregåande skule på sal, service og reiseliv. Derfor gir denne jobben meg nyttig erfaring, seier ho.

På fritida likar ho å vere saman med vener, trene og køyre båt .

- Det eg likar aller best med jobben på Herøy gard er å jobbe saman med kjekke folk og møte alle dei som kjem hit. I tillegg er no plassen så idyllisk og full av historie. 

Sigurd Moen Myrene, 23 år

Sigurd Moen Myrene kjem frå Haddal i Ulstein.

- Eg har eigentleg alltid vore interessert i historie, både lokalt og ikkje-lokalt. Då eg var yngre var foreldra mine med i båtlaget i Herøy, og vi var difor ofte på Herøy gard og på tur med sunnmørsjekta "Anna Olava", fortel han engasjert.

- No til hausten skal eg ta til på siste året av ein bachelor i teater og drama ved Høgskulen i Volda. I løpet av denne utdanninga har eg teke ulike fag som har vore til hjelp i museumsformidlinga mi, til dømes faget forteljing og formidling der vi rett og slett har lært å formidle, avsluttar han.

Henrik Hjorthaug Halle, 20 år

Henrik Hjorthaug Halle kjem frå Flusund i Herøy og stortrivst i sommarjobben.

- Dette er veldig gøy. Det er kjekt å formidle historie og kunnskap. Dei personlege familiefortelligane er det eg likar best å fortelje, seier han.

Til hausten skal han studere ved Musikkteaterhøyskolen i Oslo.

"Anna Olava" tek alle imot festpynta og fin. Iselin Nevstad Øvrelid