Museumsvertar til Herøy kystmuseum

Klikk for stort bilete Eileen Gjerde/Herøy kommune Søknadsfrist 5. juli!

Vi ser etter serviceinnstilte, kunnskapsrike og ryddige personar med ulik alder, bakgrunn og kompetanse som vil vere med å gje besøkande til kystmuseet og pilegrimsstaden på øya Herøy gode opplevingar i perioden 10. juli til 16. august.

Arbeidet består i hovudsak av:

  • drift av museumskafeen og sal av billettar
  • omvising på norsk og engelsk
  • lettare reinhald, slått og anna førefallande arbeid inne og ute

Vi ynskjer av deg at du har:

  • glede av å vere saman med andre menneske
  • godt munnleg språk (norsk og engelsk)
  • gode formidlingsevner
  • interesse for og kunnskap om Herøy si historie

Arbeidstida inkluderer helgearbeid, og stillingsprosent vil kunne variere med type oppgåver. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad. Tilsetjing på dei vilkår som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort.

Søknad og spørsmål om stillingane sendast på e-post til kulturleiar: eileen.gjerde@heroy.kommune.no