Myrsnipa barnehage er ein livsgledebarnehage

Klikk for stort bilete

 

Myrsnipa barnehage er blitt ein livsgledebarnehage, og vi skal spreie livsglede for dei eldre på Myrvåg omsorgssenter.

Vi har fått oss gule t-skjorter, både små og store, så vi viser igjen. Vi pakkar livsgledesekken vår med fargeblyantar, klistermerker, lim, saks og spel og puslespel, og framover no skal vi besøkje Myrvåg omsorgssenter kvar 14.dag og halde på med aktivitetar ilag med dei eldre.

Vi har planlagt alle besøka ilag med dei tilsette på omsorgssenteret. Vi skal gå med 2 smågrupper, og dei skal få møte dei same eldre kvar gong. Det er med å skape tryggheit for både store og små. Målet er stimulere til felles aktivitet, slik at dei som eldst kan få samarbeide med dei som er yngst. Fast tid og faste aktivitetar kan skape tryggleik og forutsigbarheit.

Her er førskuleflokken vår, på vårt fyrste livsgledemøte. Sekken er ferdig pakka, og alle er litt spente.

Så bilder frå aktivitetane vi hadde ilag:

Reidun Myrvågnes

-styrar-