Myrvåg omsorgssenter i gang med eRom
Dei tilsette har med seg ipad som gir informasjon om kva slags oppgåver dei skal gjere, og ein kan raskt dokumentere at oppdraget er utført. eRom skal bidra til betre kvalitet i tenestene. Formålet med eRom er å gi helsepersonellet tilstrekkeleg informasjon via Ipad, og samstundes gjere det lettare å dokumentere utførte oppdrag.
På biletet ser du tilsette ved Myrvåg omsorgssenter som førre veke fekk opplæring i programmet, med Charlotte Rafteseth.
Publisert04.09.2018 15.31
Sist endra04.09.2018 15.31