Når må barn vere heime frå barnehage og skule?

Klikk for stort bilete Pexels.com Dersom barn får nye forkjølingssymptom som snufsete og rennande nase, hoste, sår hals og redusert allmenntilstand, skal dei halde seg heime frå skule og barnehage til dei er symptomfri. Dette gjeld også dersom foreldre eller andre i husstanden har negativ koronatest på førehand.

Barn som har såkalla «kronisk forkjøling», stadig småforkjøla og snufsete, kan vere i barnehagen og på skulen som vanleg, men må halde seg heime dersom dei får plutseleg forverring av tilstanden – eller utviklar andre symptom.

Dei minste barna har ofte ei vanleg rennande nase når dei er ute om haust/vinter. Det er ikkje ei forkjøling, men ein må vere ekstra påpasselege slik at det ikkje utviklar seg til det.

Godt samarbeid er viktig

I denne fasen av pandemien er det spesielt viktig med godt samarbeid mellom heim, barnehage og skule og for å unngå spreiing av smitte.

- Den beste garantien for at skular og barnehagar kan halde ope, er at vi reduserer smitte, også av vanleg forkjøling mellom barn, elevar og tilsette, seier smittevernoverlege i Herøy kommune, Bjørn Martin Aasen.

Halde seg heime er hovudregelen

I eit intervju med Tv 2 seier ass. helsedirektør for Helsedirektoratet, Espen Nakstad, at det med å halde seg heime no er ein hovudregel som også gjeld når det ikkje er ein pandemi, og at den er ekstra viktig å følgje no. Det er for at vi ikkje skal få vanleg forkjøling inn i barnehagane og skulane, som gjer at enda fleire vert bekymra og at fleire må teste seg.

- Er ein i tvil om ein bør vere heime, ta ein telefon til lege for å få medisinsk vurdering og for å få informasjon om testing av koronavirus, minner smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen om.

Når skal barna testast?

Barn med nyoppstått forkjøling kan få utført test for Covid-19. Testen kan takast i løpet av dei 2-3 første dagane etter forkjølinga oppstod dersom symptoma vedvarer.

Av omsyn til ikkje å bringe forkjølingssmitten vidare til klassa bør barnet vere heime til symptoma er borte.

Barn som har nyoppstått forkjøling og som ikkje har teke koronatest, kan gå på skulen ein dag etter dei er friske. 

Barn som har vore utsett for risiko for smitte med Covid-19 gjennom reise til utland eller anna eksponering, bør ta test ved sjølv lette forkjølingssymptom, og vere heime til testresultat ligg føre.

FHI skriv med anna dette: "Barn under 10 år med kun lette symptomer på luftveisinfeksjon kan se an symptomene hjemme et par dager før testing. Barn med rennende nese som eneste symptom, som ellers er i god allmenntilstand uten andre tegn på nyoppstått luftveisinfeksjon, behøver ikke å holdes hjemme eller testes.
Alle som testes bør holde seg hjemme til negativt prøvesvar foreligger OG de er blitt symptomfri".

Det er ikkje grunnlag for å kreve at barn som ikkje er testa i samband med forkjøling skal vere borte frå skulen i ti dagar. Jamfør Covid-19-forskrifta.