Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge

Klikk for stort bileteillustrasjon: Bufdir

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) lyser no ut tilskotsordninga for 2020. Er du ein offentleg instans, privat aktør eller frivillig organisasjon, kan du no søkje om tilskot til etablering av aktivitetar som er gratis eller har svært liten kostnad for dei som deltek. Privatpersonar kan ikkje søke om dette tilskotet.

Mål med tilskotsordninga

Føremålet med ordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre muligheitene for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon. Tilskotsordninga skal bidra til at regjeringa når sitt mål om at alle barn, uavhengig av foreldra sin økonomi, skal ha muligheit til å delta jamt i minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre.

Døme på aktuelle tiltak er ferie- og fritidstilbod, kultur- og aktivitetstilbod, utlånssentral eller opplevelseskort.

Slik kan du søke

Søknadsskjemaet er publisert i Bufdirs søknadsportal https://www.bufdir.no/Tilskudd/Soke_om_tilskudd/lavinntekt/.
Søknadsfristen for tilskotsåret 2020 er 13. desember 2019.

Vedtak om tilskot vert offentleggjort i mars 2020.