Bestillingstransport er minibuss eller drosje som berre køyrer når nokon har bestilt. Du kan bestille slik transport i store delar av kommunen vår. Det er fylkeskommunen ved Fram som står bak bestillingstransporten.
Du kan klikke her for å sjå alle rutene i Herøy og bestille transport. Du kan også bestille ved å ringe nummeret 71 28 01 00.
Nytt i haust
Som innbyggar i Herøy bør du merke deg to nyheiter:
For ungdom: Natt-tilbodet til ny tid og til fleire område
Ruta «Natt/Trygt heim» frå ungdomsklubben i Fosnavåg blir utvida til å dekke fleire område i indre delar av kommunen. Sjå kartet nedanfor.
Natt-transporten går natt til laurdag og natt til søndag. (Før heitte ordninga «Trygt heim for ein 50-lapp».)
Hentetidspunktet blir også endra: Frå 11. september hentar bussen ungdomane klokka 00.30 i staden for 01.15. Tidspunktet er endra i tråd med det ungdomsrådet i Herøy har ønskt.
Hit går ruta «Natt / Trygt heim» natt til laurdagar og søndagar frå 11. september.
Fram
For alle: Du kan bestille kortare tid før du skal reise
Systemet du brukar for å bestille transport på nett, er nytt i haust. Det er no enklare å bestille, og du treng ikkje bestille så lang tid i førevegen.
Her kan du lese meir om det nye systemet.
Meir om korleis transporten fungerer
På nettsidene om bestillingstransporten finn du informasjon om
- kva transporten kostar
- korleis transporten fungerer
- dei ulike typane bestillingstransport
Kart over rutene i Herøy
Du kan sjå kart over alle rutene i Herøy i denne brosjyren frå fylkeskommunen (gjeld frå 11. september).
Kommunalsjef Sølvi Lillebø Remøy og ungdomsrådsleiar Sivert Sporstøl Leine gler seg over at ungdomsrådet fekk gjennomslag.
Melissa Nerland Paulsen, Vestlandsnytt