Naturskuletilbod for barn

Klikk for stort bilete

No er det høve til å melde seg på naturskule på Brekkegarden.

GRATIS aktivitetstilbod for barn 6-12 år og 13-19 år. Barn i låginntektsfamiliar og familiar med utfordringar vil bli prioriterte.

Kom og bli med oss! Vi skal ha det kjekt, lære nye ting og få nye vener. Gjennom hausten vil barn og ungdom få delta på dyrestell av blant annet geiter, sauer og høns. Vi skal bli kjende med naturen gjennom leik, fotografering, matlaging, måling, grønnsakshage og mykje meir. Naturskulen har også sin eigen sommarfuglhage der barna vil kome tett på og lære meir om sommarfuglar.

Tilbudet startar opp torsdag 15. august og det vil vere samlingar (ca 90 min) kvar torsdag fram til desember. 6-12 åringane møter 17.00-18.30, medan 13-19 åringene har gruppe 19.00-20.30. Medan det er gruppe kan foreldre/den som køyrer vente med ein kopp kaffi og trivelig prat i hovudhuset. 

Noko for dykk, lyst å vere med eller lurer på noko meir?
Ta kontakt med NAV Herøy og Vanylven her.

Tekst: Stine Sætre v/ NAV Herøy og Vanylven