NAV Herøy held kurs i privatøkonomi

Agnieszka Joanna Legutko leiar privatøkonomikurset i lokala til NAV Herøy. - Klikk for stort bileteAgnieszka Joanna Legutko leiar privatøkonomikurset i lokala til NAV Herøy. NAV Herøy har starta opp kurs i privatøkonomi. Den fyrste veka har det for deltakarane handla om å lære å få betre orden i sin eigen økonomi og gjere seg opp tankar om kva som er smart når man til dømes går i butikken.

Tekst & foto: Thomas Teige Sporsheim

Kurset som er leia av polske Agnieszka Joanna Legutko, har hatt fokus på smart handling og utgifter. Dei kika også på kva moglegheiter ein har, kva må betalast, kva vil ein betale og kva ynskjer ein å nytte pengar på. Personleg økonomi er kort sagt inntekter, utgifter og sparing. Det handlar om å kunne rekne ut inntekter og utgifter, sette opp budsjett for eige hushald og vurdere korleis livssituasjon, sparing og opptak av lån påverka din eigen personlege økonomi.

- Lettare å oversjå

Du skal ha ein plass å bu, mat, drikke og kle. Interesser, det sosiale og det materielle kostar sitt. Ein opplev kanskje at lommeboka er tom før neste innbetaling, og då er det for nokon lettare å oversjå regningar enn å opne dei. Leiar i NAV Herøy, Jarle Stordal, meinar at kurset er eit fint tiltak.

- Grunna endring i livssituasjon er det fleire av våre brukarar som slit med å få kontroll på eigen privatøkonomi. Det å nytte tid på å få oversikt over inntekter og utgifter er ein føresetnad for å få kontroll over eigen økonomi. Ved å ha kontroll over din privatøkonomi vil du oppleve større økonomisk fridom og mindre bekymring i kvardagen, seier Stordal som seier kurset vil halde på fram til jul.

Kurs fram til jul

- Det er viktig med gode basiskunnskapar om eigen privatøkonomi og sunne økonomiske vaner. For å hjelpe flest mogleg av våre brukarar har vi satt opp et kurs i personleg økonomi. Ynskjer du å delta, må du vere rask med å ta kontakt med NAV Herøy på telefon 5555 3333, avsluttar NAV-leiar Jarle Stordal. Kurset er kvar tysdag og torsdag mellom kl. 10-12.

- Mitt mål for dette kurset er at man forstår at personlig økonomi er kjempeenkelt og små vaner kan forandre ein personlig situasjon særs mykje. Eg er glad at fleire frå ulike aldersgrupper og bakgrunner kjem på kurset og vil delta i forskjellige oppgåver, diskutere, samarbeide og ha det kjekt. Det er viktig at dette kurset er ei samtale mellom oss og ikkje berre foredrag. På den måten kan vi hugse meir, forstå betre og lære frå kvarandre. Det er best for meg når deltakarar seier at det hjelper dei å forstå personlig økonomi utifrå dei tipsa og verktøy som eg viser dei, seier Legutko til underteikna.

Kurset er delt i 5 modular så du kan komme og starte kurset når du vil:

  • smart handling og utgifter (veke 47)
  • budsjettering (veke 48)
  • bank (veke 49)
  • forsikring og hva som skjer hvis du mister kontroll (veke 50)
  • sparing og investering (veke 51)

Vil du bli med på kurset? Ring Agnieszka Joanna Legutko: 406 02 047