No er digital innbyggardialog opna!

Klikk for stort bileteDei som får heimehjelp eller matombering, eller dei som har fullmakt frå desse, kan no kommunisere digitalt med dei tilsette i kommunen.

Alle sju kommunar på søre Sunnmøre er no aktivert for digital innbyggardialog mellom innnbyggar og kommunale omsorgstenester. Den 24.10 var ressurspersonar frå kommunane samla i Volda til opplæring i programvara. Løysinga er ein del av nasjonal satsing på digitale tenester og utrulling i fase 1. For innbyggarane gjeld det då tenestemottakarar sjølve eller dei som har fullmakt for desse.  

Kommunane startar med «Praktisk bistand» ( heimehjelp) og «matombering», og vil utvide til fleire heimetenester våren 2020.

helsenorge.no finst det i dag mange tenester for innbyggarane ( kjernejournal, byte av fastlege, vaksiner m.m). Nytt no er at innbyggarar som er aktive via helsenorge.no, kan sende og ta imot meldingar frå helse- og omsorgstenestene i eiga kommune, sjå avtaler om heimebesøk og avbestille besøk, samt få varsel om utførte oppdrag via tekstmelding eller e-post. Meldingar frå innbyggar kjem då direkte inn i den elektronisk pasientjournalen, som for kommunane på søre er Gerica.

Det er viktig at alle innbyggarar som tek imot kommunale helse- og omsorgstenester, eller har fullmakt på vegne av desse, no aktiverer seg i helsenorge.no, slik at den nye sikre kanalen for dialog kan nyttast. All digital kommunikasjon med helsevesenet vil då skje frå same stad, og innbyggar får ei samla oversikt. I pasientjournalen vil meldingane verte samla per tenestemottakar.

Meir informasjon er å finne på KS ( Kommunenes sentralforbund) sine sider, samt på helsenorge.no. Kommunane vil dele ut brosjyre til eigne tenestemottakar og tilsette er ivrige etter å ta i bruk tenesta. No er det opp til innbyggarane å starte å ta i bruk den nye « kanalen» for dialog, framfor å bruke telefon, e-post og SMS, som ikkje er sikre løysingar. Bildet viser ressurspersonar som var med på opplæringa.

Ressurssider er:

https://www.ks.no/fagomrader/digitalisering/felleslosninger/meldinger-og-kalender-pa-helsenorge.no-digihelse/

https://www.ks.no/fagomrader/digitalisering/felleslosninger/meldinger-og-kalender-pa-helsenorge.no-digihelse/om-losningen/

 

https://helsenorge.no/om-min-helse/slik-brukes-tjenestene-paa-helsenorge

https://helsenorge.no/om-min-helse/slik-representerer-du-andre-paa-helsenorge-no

 

 

Tildegare informasjon på vår nettside.