No er rullestolrampa opna!

Klikk for stort bileteOrdførar Arnulf Goksøy og rullestolbrukar Bård Eiksund opnar rullestolrampa til rådhuset.

I dag vart den etterlengta rullestolrampa inn til rådhuset opna på høgtideleg vis av ordførar Arnulf Goksøyr og rullestolbrukar Bård Eiksund. 

Herøy rådhus har oppgradet hovudinngangen og fått bygd rullestolrampe. Tidlegare har rullestolbrukarar måtta nytta seg av ein eigen inngang med stolheis. Difor er det ein gledens dag å kunne å fortelje at no kan også rullestolbrukarar og dei med barnevogn enkelt kome seg inn i rådhuset gjennom hovudinngangen. 

Velkomen til oss! 

Klikk for stort bileteRullestolbrukar Bård Eiksund synest den nye rullestolrampa var heilt topp å bruke, og trur mange blir glade for at den er på plass. Eiksund hjalp også Herøy kommune med å prøvekøyre før vi bygde den for å finne riktig størrelse på rampa.

 

Klikk for stort bileteHovudinngangen til rådhuset er no oppgradert med rullestolrampe. I dag vart det holdt ein opningsseremoni med tale og servering av julegløgg.