No kan 16- og 17-åringane få vaksine

Ester Sørdal Klungre (rektor ved Herøy vgs.) saman med Bjørn Martin Aasen (kommuneoverlege). Iselin Nevstad Øvrelid No får alle 16- og 17-åringar  i Herøy tilbod om koronavaksine.

Frå 30.08.21 får alle 16- og 17-åringar (fødde i 2004 og 2005) i Herøy tilbod om koronavaksinen. Dette gjeld også alle elevar ved Herøy vidaregåande skule, sjølv om dei bur i andre kommunar. Også dei som er over 18 år og som ikkje har teke første dose kan melde seg på.

- Alle i gruppa 16 - 17 år får tilbod om Pfizer/Comirnaty-vaksinen i samsvar med nasjonale tilrådingar, fortel kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

Korleis bestille time:

Er du 16 - 17 år? 

Då bestiller du time her.

Er du under 16 år, men blir det i år?

Då skal du ringe koronatelefonen (Tlf. 469 15 360) for å bestille time.

Dei som ikkje har fylt 16 år på vaksinasjonsdatoen, ta med eit samtykkeskjema frå begge føresette.

Samtykkeskjema som må skrivast ut og takast med til vaksinasjon finn du her.

Du får tildelt time for både første og andre dose samstundes. 

Vaksinasjon startar 30.08.21, men du kan velje ein annan måndag dersom det passar betre. Vi held til i kyrkjekjellaren i Herøy kyrkje.

Glade for vaksinetilbod

Ester Sørdal Klungre som er rektor ved Herøy vidaregåande skule er veldig glad for at også denne aldersgruppa no får tilbod om å ta vaksinen.

- Det er kjempeflott at Herøy kommune no legg til rette for dette. Det gjer oss enda tryggare på at vi får ein god skulekvardag utover hausten. Sidan vaksinasjonslokalet ligg nærme skulen vert det enkelt for elevane å kome seg dit. Vaksinasjon er sjølvsagt gyldig fråvær, så vi vil berre oppmode alle elevar i desse aldersgruppene om å ta imot tilbodet om koronavaksinen og bestille seg time fortløpande, seier ho.

Elevar frå Herøy som går på vidaregåande skule ved Ulstein vidaregåande skule, Volda vidaregåande skule og Ørsta vidaregåande skule får også fri utan fråvær for å ta vaksinen. Det same gjeld for dose 2. 

8 - 12 veker mellom 1. og 2. dose

Det skal vere mellom 8 - 12 veker mellom dose 1 og dose 2 for denne aldersgruppa. Når du i denne aldersgruppa bestiller time for vaksinasjon, får du automatisk dato for 2. dose 10 veker etter første dose er sett.

Nye studiar viser at eit langt intervall kan gi betre vaksinerespons hjå dei unge.

Vaksinasjon bidreg til å beskytte dei få som kan bli alvorleg sjuke dersom dei vert smitte, i tillegg til å redusere smittespreiinga i samfunnet. Redusert smittespreiing er nødvendig for å kunne lette på restriksjonar som har vore belastande for unge under pandemien. 

Biverknadar hos unge

All vaksinasjon kan ha biverknadar. Dei vanlegaste i denne aldersgruppa er smerter i 1-2 dagar på injeksjonsstaden. Ein kan føle seg litt uvel eller, slapp, og nokre kan få litt feber. Desse behandlar du godt med litt paracetamol. Det er lurt å ta det med ro eit par dagar etter vaksinasjonen, dvs. ikkje trene hardt og liknande, men du kan gå på skule eller arbeid.

Ein sjeldan biverknad (om lag 7 av 100 000) kan vere ein betennelse i hjartemuskelen, som i dei alle fleste tilfelle går over etter om lag 4 veker. Det viser seg likevel å vere større risiko for at covid-19-sjukdom gir alvorleg påverknad på hjartet hjå ungdom enn det ein kan sjå etter vaksinasjon.