No kan båtar legge til på ny kai

Fire folk står på ei kai. Ordførar Bjørn Prytz, Runar Olsen, Lene Huldal og Fred Arnesen står godt på den nye kaia på Mjølstadneset. - Klikk for stort bileteOrdførar Bjørn Prytz, Runar Olsen, Lene Huldal og Fred Arnesen står godt på den nye kaia på Mjølstadneset. Thomas Sporsheim

 

Kaibygginga på Mjølstadneset har nådd ein milepel, som betyr at båtar no kan ta i bruk kai 1.

Herøy kommune har hatt ei delovertaking av kai 1 som no er klar til bruk frå sjøsida. Totalentreprenør A. Våge as har stått for alt betongarbeid, medan underentreprenørane Nordwest fundamentering og Aurvoll og Furesund har utført pelearbeid og grave- og leidningsarbeid. For å markere tok også ordføraren ein tur ned til kaia, der Smaragd alt har tatt i bruk ein pullert og litt av kaia.

- Det er ei kjempefin kai, ei bra kai. Stor og god. Mykje nytt område både på kai og landområde bak kai. Arbeidet har gått bra trass i ein utfordrande vinter med mykje dårlig ver, men vi har kome oss gjennom det, smiler Runar Olsen frå A. Våge.

Ordførar Bjørn Prytz står også trygt og godt på den nye solide kaia.

- Vi har satsa no ei 40-50 millionar på kaibygging her i Fosnavåg Næringspark som det heiter offisielt. Det er kjekt å sjå no at kaia her er så ferdig at båtar no kan bruke ho. No kan dei berre legge til og bruke kaia. Det er flott å kunne konstatere at sjølv med ein knallhard vinter med vanskeleg arbeidsforhold så er dei som har bygd kaia heilt i rute. Det som blir no er å bygge kai 2, og der er dei også godt i gang. Så eg går utifrå at den også er i rute, då får vi det heilt fantastisk her nede, avsluttar ordføraren.

Peler stikk opp under kai 2. I neste veke byrjar monteringa av den. - Klikk for stort biletePeler stikk opp under kai 2. I neste veke byrjar monteringa av den. I bakgrunnen ser vi Horisont som også får god nytte av desse nye kaiene. Thomas Sporsheim

Lene Huldal er prosjektleiar frå anlegg og drift i Herøy kommune og ho er glad vi no kan ønske båtar velkomne på nyedelen.

- Det er veldig kjekt å sjå at vi har kome hit, og kor fort det gjekk når pelinga var ferdig, i og med at dei har støpt sopass mykje element ferdig i lokala i Furene. Når dei først fekk utover dragarane og kaielementa, viste det kjapt igjen, seier Huldal som no ser fram til same prosessen på kai 2.

- Det er snart klar til å legge ut dragarar, dei kjem neste veke. 1/3 av kaia er planlagt montert allereie før ferien. Vi er veldig nøgde med at kai 1 vart ferdig i juni som avtalt etter ein ruskete vinter, smiler prosjektleiaren.