No kan bedrifta di søke om meir koronamidlar

Klikk for stort bileteFrå høgre: Ole Magne Rotevatn (leiar ved utviklingsavdelinga), Ann Helen Karlsen (Ah Sport Lounge), Merethe Hjertø Flusund (næringslivssjef), Magnus Bergseth (Kami Skotholmen). Iselin Nevstad Øvrelid I første runde vart det delt ut 813 102 kroner til lokale, pandemiråka verksemder i Herøy kommune. No får kommunen ytterlegare 2 857 000 kroner i koronamidlar som du kan søke om for di verksemd.

- Det er viktige midlar for lokale bedrifter som står i ein vanskeleg situasjon no og har stått i det lenge. Det er også viktig for lokalsamfunnet vårt og tilbodet til innbyggjarane våre. Vi må ha eit tilbod også når pandemien er over. Då er det viktig å støtte oppunder dei så godt som vi kan. Det er derfor svært viktig at kommunen får handlingsrom frå nasjonale styresmakter til å dele ut desse midlane til dei no, seier næringslivssjef i Havlandet AS, Merethe Hjertø Flusund.

- Vi trur dei lokale tildelingane er effektive for dei lokale verksemdene. Det er litt som aktiv førstehjelp, legg ho til.

Alle verksemder kan søke

- Dei som allereie har søkt og ikkje fått innvilga heile søknadsbeløpet, blir også med når vi vurderer søknadane denne runda, seier leiar for utviklingsavdelinga, Ole Magne Rotevatn.

Verksemder som har søkt og fått tilskot på heile søknadsbeløpet, kan også levere ny søknad i denne runda. 

Verksemder som har fått vesentleg stønad frå kompensasjonsordninga for næringslivet fell ikkje inn under denne ordninga. Verksemder som har motteke eit mindre/marginalt beløp kan framleis motta tilskot.

Søk om koronamidlar her.

Søknadsfrist: 16. mai.

750 millionar til verksemder i norske kommunar

Totalt 750 millionar blir fordelt til norske kommunar for å kompensere bedrifter som er særleg hardt råka av smitteverntiltak.

- Vi er heilt botnskrapa og midlane er sårt trengte, fortel Magnus Bergseth som driv Kami Skotholmen.

Han og Ann Helen Karlsen i AH Sport Lounge fortel om tøffe tak det siste året. 

- Hadde eg visst at pandemien kom, hadde eg nok ikkje hoppa i det då eg starta opp, men eg bit meg fast, seier Karlsen.

- Spørsmålet er ikkje kva pengane skal brukast på. Pengane er allereie brukte. Vi er heilt avhengige av desse midlane for å klare oss. Vi er veldig glade for å få støtte og det vil hjelpe oss framover, seier Bergseth.

- Det er også positivt at vi får fleire høve til å søke, legg Karlsen til.

No er verksemdene meir optimistiske for framtida. 

- Vi gler oss til normaltider igjen saman med bedriftene. Vi ser fram til å samle folk på næringspub og frukostseminar, og vi gler oss til å kunne sjå ringverknadane av eit normalt reiseliv igjen, men fram til då er det viktig at vi klarer å oppretthalde servicetilbodet  i kommunen vår, avsluttar nøringslivssjef, Merethe Hjerø Flusund.

Les meir om fordelinga av koronamidlar på regjeringa.no.

Desse fekk tildelt koronamidlar i første runde på 813.102 kr.

 

Gruppe 1:

AH Sport Lounge: 100 000

Sunnmørsbadet: 100 000

Kami skotholmen: 100 000

Runde konferansesenter: 75 000

Gruppe 2:

Jakob Haugen Rorbuer: 50 000

4 Youth AS: 50 000

Herøy Kystcamp: 50 000

HUD: 50 000

Bjarne Kvalsvik Havferie: 50 000

Blåbær studio: 25 000

Gruppe 3:

CANN AS: 25 000

IJT Design: 25 000

Eplenikkers: 25 000

Anja fotklinikk: 25 000

Destinasjon Ålesund og Sunnmøre: 23 102

Fosnavåg parkering: 20 000

Gruppe 4:

S. Storøy: 10 000

CTC Torvik: 10 000