No kan bedrifta di søke om meir koronamidlar

Pixabay     

Tidlegare er det delt ut 3.670.102,- kroner til lokale, pandemiråka verksemder i Herøy kommune. No får kommunen ytterlegare 1 021 000,- kroner i koronamidlar som du kan søke om for di verksemd.

Midlane er særleg retta mot overnattings- opplevings- og serveringsbransjen

- Denne runda må alle som ynskjer å få sin søknad vurdert søke på nytt. Tidlegare innsendte søknadar vert ikkje med i denne runda. Søkjarane må også vere nøye med å dokumentere kva tap dei har hatt som følgje av covid-restriksjonar som ikkje har blitt kompensert gjennom sentrale stønadsordningar eller tidlegare lokale ordningar, seier Ole Magne Rotevatn.

Verksemder som har fått vesentleg stønad frå kompensasjonsordninga for næringslivet fell ikkje inn under denne ordninga. Verksemder som har motteke eit mindre/marginalt beløp kan framleis motta tilskot.

Det er også viktig å dokumentere korleis verksemda er ein del av Herøy kommune sitt reiselivsprodukt. Det er ei av føringane som Formannskapet har sett for bruken av midlane.

Søk om koronamidlar her.

Søknadsfrist: 15.oktober.

Vedtaket frå Formannskapet:

Formannskapet legg følgande gruppering og avgrensing til grunn for tildelinga:

Gruppering:

1. Direkte og hardt råka innan overnattings- opplevings- og serveringsbransjen og er ein direkte og sentral del av Herøy kommune sitt reiselivsprodukt – ingen øvre grense

2. Indirekte råka som følgje av smitteverntiltak og er ein indirekte del av Herøy kommune sitt reiselivsprodukt maksimalt kr. 50.000,-

3. Verksemder som ikkje er ein del Herøy kommune sitt reiselivsprodukt eller utan registrerte arbeidsplassar i kommunen – ingen tilskot