No kan du bestille tid for koronatest på SMS, i app og på nett

Klikk for stort bileteHar du fastlege ved Herøy legesenter eller Myrvåg legesenter? No kan du bestille tid på nett og på SMS for å teste deg for covid-19 (koronavirus).

Når får eg tid?

Det har til tider vore stor trafikk på telefon til legesentera. Det er derfor vi no innfører timebestilling på nett, SMS og helserespons-appen. Dette skal gjere det enklare for deg å få tid til testing.

Om du bestiller time før kl. 10, får du testa deg same dag. Prøvene må sendast med post kl. 12, og derfor må du vente til neste kvardag dersom du tek kontakt etter kl. 10.

Korleis bestiller eg tid?

 

På nettsida:

Du kan bestille tid for testing på nettsidene til Herøy legesenter og Myrvåg legesenter.

For å bestille tid, vel du timebok og deretter koronatest før du får opp eit val med ledige testtider.

Sjå skildring her:

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På SMS:

Herøy legesenter: Skriv HERØY <Namnet ditt> <Fødselsdato> <Koronatest> <Årsak til ønskje om test>. Send til 2097.

Myrvåg legesenter: Skriv MYRVÅG <Namnet ditt> <Fødselsdato> <Koronatest> <Årsak til ønskje om test>. Send til 2097.

Du får beskjed om tid for testing på SMS når vi har har fått behandla førespurnaden din.

I appen Helserespons:

Du kan laste ned appen frå Google Play og App store og registrere deg med brukarnamn og kva legesenter du høyrer til før du kan bestille tid for testing.

Oppfyller du kriteritum for korona-test?

Då vil vi at du skal teste deg.

1. Har du eitt eller fleire av desse symptoma?

  • forkjøling (snørr, hoste)
  • tungpust
  • tap av smak eller luktesans
  • feber
  • sår hals
  • sjukdomsfølelse

2. Kjem du på reise frå raudt land?

3. Har du mistanke om at du sjølv kan ha vore utsett for smitte? 

Har du sjukt barn?

Lurer du på om barnet ditt må testast? Eller vere heime frå barnehage eller skule? Les meir her.

Vil du lese meir?

Du finn meir informasjon om testing og covid-19 (koronavirus) på nettsidene våre her.