Frist 1. april: Søk kulturmidlar

To karar som spelar instrument. - Klikk for stort bilete Opplastning Adobe Stock

Vil du opparbeide ein leikeplass? Vil du starte opp eit nytt lag? Dette er berre to døme på kva du kan søke oss om støtte til.

Kven kan søke kulturmidlar frå Herøy kommune? Personar, organisasjonar, foreiningar og lag som driv eller vil starte kulturverksemd.

Søknaden skal leverast elektronisk. Det er viktig å ta med den dokumentasjonen som trengst for å handsame søknaden. 

Fristen for å søke er 1. april.

Les meir om ordninga og søk elektronisk her!