No ringer vi alle frå 66 – 74 år

Klikk for stort bileteServicetorget har ringt og tilbydd time for koronavaksinasjon til alle personar busett i Herøy over 75 år. Det held vi fram med også for deg som er mellom 66 – 74 år.

- Vi ser at det er ei løysing som fungerer godt og sikrar at vi når flest mogleg av innbyggjarane, og då held vi fram med denne framgangsmåten også til dei i denne aldersgruppa vi startar på no, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

Vi startar igjen med dei eldste først og jobbar oss nedover listene utifrå kor mange vaksineleveransar vi får kvar veke. I denne aldersgruppa frå 66 – 74 år er det om lag 900 personar. Vaksinasjon av denne aldersgruppa går føre seg over fleire veker, og derfor kan det ta litt tid før du får telefon.

Sjølv om du får tildelt time på telefon, ønskjer vi likevel at alle førebur koronavaksinasjon ved å registrere deg på nettsidene våre med kontaktinformasjon og svare på nokre spørsmål om eiga helse. 

Det vil lette logistikken for oss når det er din tur å få vaksine. Om du ikkje ønskjer vaksine, vil vi gjerne at du registrerer deg likevel. Då veit vi at vi ikkje skal kontakte deg. Vi gjer merksam på at det er lov å endre meining seinare.

Dette oppmodar vi alle til å gjerne no. Både du som er i aldersgruppa 66 – 74 år, men også alle andre vaksne innbyggjarar over 18 år.

Dei få vi ikkje når per telefon i kvar gruppe, sender vi brev til i posten. Alle skal bli kontakta.