No startar influensavaksineringa

Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: vaksine. Pexels.com Personar som er i definert risikogruppe blir prioritert først. Dei kan ta kontakt med fastlege for å få satt vaksinen på legekontoret. Vaksinen kostar då 50 kroner og er gratis om du har frikort.

Myrvåg legesenter:

  • Vaksinering mot influensa:

    •                 Onsdag 21.10 14-16
    •                 Torsdag 22.10 14-16
    •                 Fredag  23.10 13-15

Bestill time ved Myrvåg legesenter på nett her.  

Du kan også ringe/sende SMS.

Oppmodar alle våre pasientar som likevel har time med fastlegen sin i oktober/november om å vente til timen og ikkje bestille desse dagane. Husstandsmedlemmar i risikogruppe er velkomne til bestille time saman.

Herøy Legesenter:

  • Vaksinering mot influensa:

    • Kvar måndag, tysdag, onsdag og torsdag frå veke 44 og utover hausten. Frå kl.13-15. Ein startar vaksineringa så snart vaksinen kjem i veke 43 - tidlegast onsdag 21.10.20.

Bestill time ved Herøy legesenter på nett her.  Vel fanen "annet" og kommenter at det gjeld influensavaksine.

Du kan også ringe/sende SMS.

Pasientar som har time med fastlegen sin i oktober/november kan ta vaksine når dei er inne på legetimen. Husstandsmedlemmar i risikogruppe kan bestille time saman.

Herøy helsestasjon:

I tillegg blir det vaksinering på helsestasjonen på Eggesbønes følgjande datoar:

  •          05.11, kl 15-18
  •          12.11, kl 15-18
  •          19.11, kl 15-18
  •          26.11, kl 15-18

Vaksinering på helsestasjonen kostar 100 kroner per person for alle som kjem. Betaling berre med kort. Ein må ha avtale om time for å få vaksinen. Det blir opna for timebestilling på helsestasjonen frå måndag 19.10, mellom kl 10 og 14 kvardagar, ring på telefon: 469 06 458.

Risikogrupper:

  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko 
  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim.
  • Alle frå fylte 65 år.
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes type 1 og 2
    • kronisk lungesykdom, hjerte- og karsykdom, leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sykdom eller skade
    • nedsatt immunforsvar som følge av sykdom eller behandling av sykdom (f.eks. kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sykdommer)
    • svært alvorlig fedme (KMI over 40)
    • annen alvorlig og/eller kronisk sykdom der influensa utgjør en alvorlig helserisiko, etter individuell vurdering av lege