Noko du lurer på? Spør Losen!

Klikk for stort bilete

 

No er vår chattebot, Losen, klar til bruk. Du finn den på nettsida til kommunen, nede i høgre hjørne. Den er også tilgjengeleg på mobil og nettbrett.

Losen er open for deg 24 timar i døgnet og her kan du stille spørsmål om våre kommunale tenester.

Losen er framleis under «opplæring». Stiller du eit spørsmål og ikkje får rett svar, vil du kunne gi ei tilbakemelding under svaret du har fått: Trykk tommel opp eller tommel ned.

Det er den som bruker Losen som er med på å trene den opp. Rettingar vert gjort fortløpande av vår robottrenar, Marte Saure, som sit i Vanylven kommune.