Noreg blir ein del av EU si løysing for koronasertifikat

Pexels.com Torsdag 24. juni blir Noreg ein del av EU si løysing for koronasertifikat.

Personar som er fullvaksinert eller har gjennomgått koronasjukdom siste seks månadar og har eit gyldig koronasertifikat kan dermed kome inn i Noreg. Dei slepp karantene, testkrav og innreiseregistrering. Frå 1. juli vil europeiske land som er kopla til EU si løysing kunne verifisere det norske koronasertifikatet på grensene sine.

Les meir om det på regjeringa si nettside her.