Ny avdelingsleiar for barn, familie og helse

Portrett av Monica Svoren, avdelingsleiar for barn, familie og helse - Klikk for stort bileteMonica Svoren kjem frå stillinga som leiar for helse og koordinerande eining i Hareid kommune. Privat

Monica Svoren  er tilsett som ny avdelingsleiar for barn, familie og helse i Herøy kommune. Ho byrjar i jobben 1. mai.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

– No ser eg fram til å starte opp arbeidet som avdelingsleiar for barn, familie og helse i Herøy kommune og bli betre kjend med kommunen, nye medarbeidarar og kollegaer der, seier Svoren, som kjem frå jobb i Hareid kommune som leiar for helse og koordinerande eining. 

Har leia fleire tenester

Monica Svoren er utdanna fysioterapeut i Bergen og arbeidde første åra på sjukehuset i Ålesund før ho fekk arbeid som kommunefysioterapeut i Hareid kommune i 1999. 

– Karrieren som fysioterapeut vart lagt på hylla i 2012 då eg fekk jobb som einingsleiar for den då nyoppretta helse og koordinerande eining i Hareid. Eg var også samstundes folkehelsekoordinator i eit par år, seier Svoren.

Ho har dei siste 10 åra også mellom anna jobba som leiar for helsestasjon, legeteneste, psykisk helse og rus, ergoterapi og fysioterapi, krise- og omsorgsgruppe og dagsenter.

– Det har vore eit svært givande og lærerikt arbeid og eg har vore heldig som har fått leie ei eining beståande av svært dyktige medarbeidarar, legg ho til.

Frisk fritidsinteresse

Svoren bur i Ulsteinvik der ho også er fødd og oppvaksen. På fritida trivst ho med å vere i aktivitet og koplar gjerne av med ein fjelltur i nærområdet eller å finne nye og spanande turar andre stadar. I haust tok Monica våttkort for kajakk.

– Eg har eit ønske om å kunne prøve meg litt meir på kajakkpadling etter kvart sidan det er så flotte forhold for det i nærområdet vårt, avsluttar den komande avdelingsleiaren.

Herøy kommune ønskjer ho velkomen i mai!