Ny avdelingsleiar ved Kvalifiseringssenteret

Klikk for stort bileteLilly Arlen Kvalsund startar som avdelingsleiar ved Kvalifiseringssenteret 2. august. Ho er frå Herøy og vaks opp på Kvalsund.

I dag bur Lilly Arlen i Skarabakken saman med mann, 4 barn og ein puddel. Ho har mastergrad i yrkesretta spesialpedagogikk og har budd både i Alta og Stavanger. 

No gler ho seg til å ta fatt på oppgåva i Herøy kommune.

- Eg er heldig som har fått høve til å jobbe med pedagogikk og mestringsstrategiar i mangfaldige læringsmiljø og personar frå 0-100 år både på Sunnmøre, i Finnmark og i Stavanger, seier Lilly Arlen som har pendla til nabokommunane i 20 år.

- I full fart hit og dit

 - Eg er nysgjerrig på det meste, og anten er eg i full fart hit og dit saman med venner og familie, eller så sit eg med beina opp å broderer bunad og les interiørmagasiner. Og så må eg seie jobb, for eg er retteleg glad i faget mitt og vert engasjert i det eg held på med, smiler ho. 

Lilly Arlen er veldig spent og gler seg verkeleg til å få vere del av ein flott og kunnskapsrik gjeng i Kvalifiseringssenteret. 

Velkomen som arbeidstakar i Herøy kommune!