Ny bibliotekar

  Oana Skarboe tek til i 100 % fast stilling som bibliotekar ved Herøy folkebibliotek 06.09.21.

Oana vaks opp i Romania, i det ho skildrar som ein veldig fin by som heiter Iasi. Ho flytta til Noreg då ho var 23 år og har budd her i snart 13 år. Dei fleste av desse åra i Ålesund, men også i Oslo i studietida.

Oana fortel at ho i vidaregåande skule studerte framande språk og litteratur. Frå  Romania har ho bachelor i filosofi. I Oslo studerte ho bibliotek- og informasjonsvitenskap.

-Eg flytta frå Oslo og tilbake til Ålesund i slutten av mai i år. Eg har sambuar og ein søt katt som heiter Gina, litt familie og ein god del vener.

Oana er glad i å lese og har alltid ein roman i nærleiken. Ho er ein ganske sosial person som bruker fritida saman med sambuar, familie og vener.

-Eg liker å gå på tur, ta meg en kaffi med vener eller nyte det nye Bybadet i Ålesund. Eg er veldig glad i å lage mat og å prøve nye oppskrifter som eg serverer til vener.

-Eg vart veldig glad då eg såg stillingsannonsen til Herøy Folkebibliotek. Eg hadde ikkje lyst til å flytte frå sunnmøre og ville veldig gjerne jobbe på eit så fint folkebibliotek som Herøy.

Eg har alltid vore ein stor bibliotekbrukar og eg har ønska å verte bibliotekar i mange år no. Det er ein fantastisk følelse å få draumejobben. Eg gleder meg til å bli kjent med mine kollegaer og til å verte ein del av laget!

Vi ønskjer Oana velkomen som kollega!