Ny byggdriftar i eigedomsavdelinga

Klikk for stort bileteEydstein Hammer starta i jobben måndag 16.11.20. Iselin Nevstad Øvrelid Eydstein Hammer er tilsett i 100 % fast stilling som byggdriftar i eigedomsavdelinga. Han tok til i stillinga i dag, 16. november.

Eydstein Hammer kjem frå Færøyane, men flytta til Herøy i 2011 då han via Verto fekk seg jobb som rørleggar ved Ståle Berge VVS i Fosnavåg.

I 2012 flytta også kjærasten etter, og dei har funne seg godt til rette i Herøy.

- Eg trivast veldig godt her. Det var kjekt å kome til Herøy for å bu og arbeide ein annan stad. Litt tilfeldig at vi enda opp her, men vi likar oss godt, seier han.

Rørleggar sidan 2008

Eydstein har arbeidd som rørleggar sidan 2008, og før det gjekk han skule og gjennomførte læretida si før han tok fagbrev. No ser han fram til nye oppgåver som byggdriftar.

- Eg ser fram til eit nytt kapittel og å få prøve noko nytt og spanande, fortel Eydstein Hammer.

Likar seg ute i naturen

På fritida likar han å gå på fjellet, og tek gjerne med både telt og fiskestong. 

Elles er han veldig oppteken av musikk.

- Eg spelar ikkje sjølv, men den store hobbyen min er musikk. Det brukar eg mykje tid på, avsluttar han.