Ny byggesakshandsamar er på plass

Klikk for stort bileteIngvild Kalvatn er tilsett som ny byggesakshandsamar i Herøy kommune frå 1. januar. Iselin Nevstad Øvrelid Ingvild Kalvatn kjem frå same type jobb i Volda kommune der ho har arbeidd dei siste ni åra.

Ho har utdanning frå teknisk fagskule i Ålesund, og har arbeidd i om lag sju år ved ENØK-senteret i Ørsta. Dei siste ni åra har ho arbeidd i Volda kommune med byggesak og seksjonering.

- Det som er nytt for meg i stillinga her i Herøy er handsaming av dispensasjonar og frådeling, men eg har allereie kome godt i gang i jobben, så dette vert kjekt, fortel Ingvild Kalvatn.

Ingvild er frå Volda og bur på Egset med mann og to barn. 

Vi ønskjer henne velkomen til Herøy kommune!