Ny fastlege ved Herøy legesenter

Klikk for stort bilete

Silja Osdal Saure startar opp som ny fastlege ved Herøy legesenter frå 3. september.

Ho tek over fastlegeheimelen som Heidi Nanette Herrmann hadde tidlegare. Silja har siste året arbeida på legesenteret i Hornindal, og har hatt turnustenesta si ved Volda sjukehus. Ho er utdanna ved det tredje medisinske fakultet i Praha i Tsjekkia. 

Silja kjem frå Bjørke i Hjørundfjorden i Ørsta kommune, og bur no i Volda. Alle som står på fastlegelista som Silja skal overta, vil få beskjed om ny lege. Dette blir sendt ut frå Helfo til kvar enkelt. 

Toftesund får vikar

Det kjem også ein ny vikar til kontoret, Santhiya Kuhendran. Ho skal vikariere for Ingebjørg Toftesund, i første omgang i 6 månadar. Kuhendran startar opp vikariet sitt 3. september, same dag som Silja Osdal Saure.