Ny helsesjukepleiar til Herøy helsestasjon

Klikk for stort bilete 

Katrin Kvalsund Leine er tilsett i 100% stilling som helsesjukepleiar i Herøy kommune.

Ho er utdanna sjukepleiar ved Høgskulen i Ålesund.  Seinare tok ho utdanning som helsesjukepleiar ved same høgskule. 

- Eg jobba først 10 år i heimesjukepleia i Herøy før eg starta som leiande helsesjukepleiar i Sande kommune.  Etter 10 år ved Sande helsestasjon er eg no tilbake og ser fram til å jobbe for Herøy kommune igjen. Eg gler meg over å få jobbe saman med den flotte gjengen ved helsestasjonen. Det å jobbe med forebygging er viktig og noko eg brenn for, seier Katrin Kvalsund Leine engasjert.

Katrin bur saman med familien i Herøy, og noko av det ho set stor pris på, på fritida er å få vere ute i naturen.

- Gjerne på ein fjelltopp saman med familie eller vener. Eg liker også å bruke tid saman med born og ungdom, og er ein av leiarane på Junior og for ei jentegruppe. Dette er noko eg set stor pris på, seier ho.

Vi ønskjer henne velkomen til Herøy kommune!