Ny hovudbankavtale underteikna torsdag

Herøy kommune har inngått ny hovudbankavtale med Sparebank 1 Søre Sunnmøre gjeldane frå 01.09.2021. Torsdag vart avtalen underteikna av  kommunedirektør Trond Arne Aglen og administrerande direktør Stig Brautaset.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Sparebank 1 Søre sunnmøre vann anbodskonkurransen etter ein ryddig og god prosess. Framover vert det planlagt for ein god overgang til ny bank.

- Banken vil legge opp til eit godt samarbeid med kommunen og vil vere ein samtalepartnar der det vert sett fokus på utvikling av næringsliv og lokalsamfunn, seier Brautaset.

- Det har status og er komplekst å jobbe med kommunen, seier leiar for bedriftsmarkedet Sigrun Heltne Vartdal.

Kommunedirektør Trond Arne Aglen er glad for at ein lokal bank vann fram i anbodskonkuransen.

- Det vil skje så mykje viktig i kommunen framover med kommunale investeringar og næringsutvikling. Det er derfor viktig at vi har ein god dialog med banken framover.

Økonomileiar Geir Egil Olsen er godt nøgd med at Sparebank 1 Søre Sunnmøre, som er ein sterk lokal aktør i området, syner seg å vere godt posisjonert i konkuransen med andre bankar både når det gjeld vilkår og kvalitet.  Kommunen ser fram til samarbeidet og vonar på gode synergiar dei komande 3-5 åra.

Det var god stemning og dialog under møte. Etter møte vart det eit lite «kappløp» i Rådhusgata.